CORRECT LYRICS

Lyrics : Håkon Den Gode

Vikingånd og fregdardåd
Om det er denne sangen
Utav Stord har dette hendt
Og Håkon, han var kongen!
Kongen satt i holmagard
Og hadde ikkje mange menn
Stilt så leike bylgjune
Utmed holmastrendin

Ser då kongens sendemann
Utmed dei ytste båar
Mange skip med stripesegl
Og innafjord dei roar;
Skjott så samlast kongens menn
For ufred ikkje dølges kan
Kongen spør: ''Kven råd kan gje?
Fly eller vеrta slegne?''

Svarad ein i kongеns hird
Han Toralv Sterke Skolmsson:
''Niding stor det er å fly
For urettvlise valdsmenn!
Kongen veit at me har vunnet
Over overmakti før!''
Svara då den heile hird:
''Me vil gå med kongen!''
Tok då alle brynjer på
Og kongen, sverdet Kvernbit
Fylka dei seg skjold i skjold
Under Håkons merke
Då åtakfolket på dei kom
Dei var eit tal som seks mot ein
I hjelm og sverd då soli skein
Som havet sine bylgjer
I brodden av dei åtaksmenn
Fór viking Øyvind Skrøya
Med åtakfolket gjekk han hardt
Til nid mot Håkons merke
Ropa høgt han Øyvind:
''Eg Nordmannkongen finna vil!''
Løyner han seg, er han redd?
Kven kan seia til han?''

Kom då over kongens menn
Voldsom kraft og styrke;
I harme full sprang kongen sjølv
Framanføre merket
Sa: ''Hald du fram som du gjer
Om du Nordmannkongen finna vil!''
Svinga Håkon Kvernbit i
Toralv, sverdet Fetbreid
Striden vart då veldig kva**
Med mannefalli store
Håkon og hans menn, dei rådast
Striden avgjorde
Øyvind Berserk blei for sverdet
Kvernbit lagt på vollen ned
Kom då frykt i åtakfolket
Flydde ut or landet