CORRECTAR LA LETRA

Letra : Vårløysing

Eg kunn' ha sagt det like te' deg
Men det vil 'kje va' rett
Eg kunn' ha gripe deg i handa
Og halde deg tett
Men det ville vert for mykje
Ville komma som eit sjokk
For det som låg i lufta
Det har 'kje legje lenge nok

Du må løyse nokre skruar
Før eit hjul kan gå av
Du må snu nokre sider
Før du har lese eit blad
Det må smelte innpå fjellet
Før det kan fosse i еi li
Og du var her ganske lengе
Før du sa du ville bli

Og det var ‘kje oss
Det var bekkane som rann
Knoppar skaut
Det var fuglar som kom frå eit varmare land
Det var is som brast og sette alt fri
Så det fekk starte reisa mot det det skulle bli